E N D R I N G A R

🌸

Det er nye og stille tider også for meg og mi bedrift. Det treng ikkje bety at eg kvelvar den fulle trillebåra med alle dei nøye utplukka steinane eg har samla.
Alle gjer sine valg i denne situasjonen.
For meg har det vert riktig å fortsette å bygge stein på stein. Fortsette der eg slapp, der verda stoppa opp.

🌸

Vi gründerar veit at det alltid er noko å gjere i bedrifta sjølv om ikkje alle oppgåver inneber at det kjem mynt i kassa. Desse oppgåvene er lett å utsetje å utføre dersom det ikkje hastar. Denne veka har eg tatt tak i nokon energitjuvar som har fulgt meg lenge.
Noko av det har med 'tekniske online ting' å gjere, noko som eg ikkje forstod og synest var veldig kjedeleg å drive på med.
Typisk at eg utset slikt - leeeenge!
No har eg gjort det, og eg fekk det til!

Mellom lærarrolla som også eg har på heimebane så har eg sett meg godt tilrette og tatt tak i små men viktige ting som eg veit vil vere bra på sikt og vere med på forenkle nokre prosessar for meg - noko som igjen vil gagne deg som kunde!
Eg har ført handskrivne notatar og lister inn på Excel, lagt mange viktige filer inn i Dropbox for å nemne noko... + overført alt i nettbutikken min inn i Facebook slik at du som kunde kan lett få oversikt over alle produkta.
Sjå Facebook butikken her!
(litt arbeid gjenstår)
Klappar meg sjølv på skuldra og seier at dette har vert viktig og riktig å få unna.
Det som eg får utført no slepp eg å bruke tid på seinare, for eg har tenkt meg tilbake på gullsmedbenken!

Situasjonen vi befinn oss i er veldig surrealistisk på alle vis, og det er heilt klart at for meg og veldig mange andre så er framtida usikker.
For min del handlar det om å behalde motivasjonen ved å ta tak, bygge vidare, halde på planane - justere og tilpasse dei litt, men ikkje skrinlegge.

🌸

Sjå deg gjerne rundt i den nye nettbutikken min som eg har brukt vanvittig mykje
tid på å bygge i vinter. Takknemleg for tilbakemeldingar dersom du ser noko som ikkje stemmer eller som ikkje fungerer.
Ta ein titt i nettbutikken her!
Jobbar vidare med den framover og det du saknar av produkta kjem inn dag for dag.
Hugs at om det ikkje passar å handle no så kan ein sette ting på ønskelista si :-)


🌸